SyOddny`s toalettveske med motlegg og blondeglidelås



I dette innlegget vil eg syne korleis eg syr fast  blondeglidelås på toalettveska mi.
For materialliste og utfyllande framgangsmåte og mål  sjå HER

Stoff frå butikken Primla Design og restestoff til fòr. 
 Glidelås frå Butikkane Lappestua og Primula Design. 


Eg sydde sminkevesker etter mønster frå det tyske sybladet: "Sabrina Nähen" Nr.14/2015.
Eg kan lite tysk og  måtte sjå på bilde i bladet for å forstå korleis eg skulle sy sminkeveska.


Eg ønskte meg ei større toalettveske og !
  Eg var ikkje heilt fornøgt med  motfoldene på sminkeveska, så eg laga  motfolder på min eigen måte med inspirasjon frå drilluniforskjørta til skulekorpset!


 Ein kan godt seie at fargevalget også er inspirert av drill skjørta til Nordfjordeid skulekorps :-)

Blondeglidelås:
Klipp ut to "halvmåner"  i  det stoffet som skal visast på rettsida.  
Klipp og ut to"halvmåner" i fòr- stoffet, gjerne i eit støttestoff som er litt stivare. 
Evt. kan ein stryke på vliselin på baksida av stoffet.


Legg fòret mot frontstoffet, retta mot retta. Sy ein saum langs buen. 1 cm saum-rom.
Klipp hakk i saum-rommet . Vreng og stryk  "halvmånen". 
Sy ein til på samme måte så ein har to "halvmåner".


Legg vrangsida av  glidelåset opp på rettsida av buen til"halvmånen". 
Sy fast glidelåset.


Eg syr glidelåset fast med glidelåsfot  Bernina 4D,
- då får eg brukt den innebygde overtransportøren og det er enkelt å sy glidelåset fint på.
Ein kan og tråkle glidelåset fast og sy med vanlig glidelåsfot eller ein vanlig sy fot!


Eg har brukt eit glidelås som ein får kjøpt metervis. 
Klipp av når ein har sydt fast glidelåset og ser kor mykje ein treng.


For å sjå korleis ein syr ferdig heile toalettveska  sjå HER














Kommentarer

Populære innlegg