Lukkekant. Sybeskrivelse / toturial

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Det er fleire måter å sy lukkekant på. 
Her skal eg vise  den måten eg har brukt mest i mine arbeid. 

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Skjer remser  6 -6,5 cm x stoffbredda ( frå jarekant til  jarekant).

Kor brei lukkekanten  skal vere  er avhengig av;
Saumrom/ sømrom/ sømmon : 1/4 " - 1 cm  / halve syfoten med nåla i midtstille.
og kor tjukt teppet er.
Prøv deg fram!

Til lappeteppe  skjer eg stoffet etter trådretninga.

(NB! Til lukkekant på runde og bua arbeid, og  kle  må ein bruke skråband).


Til større teppe -til fleire remser !
Mål omkretsen til lappeteppet, pluss litt til,  for å finne ut kor lang lukkekanten skal vere.

Remsene skal då  skøytast /syast  i hop, og ein må då skråskjere endane  på remsene.


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Skråskjer  remsene 45 grader i kvar ende. 

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Bruk hjelpelinjene på linjalen.
45 grade linja ( Sjå bilde over)
 eller frå hjørne til hjørne ved firkantane.

Pass på at  vinkelen blir skåre rett vei slik at vinkelen går i hop med neste remse.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.
Den eine enden....


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.
...Og den andre enden.



Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Legg remsene mot kvarndre.
Kant i kant ved skråskjeringa.
Retta mot retta.
Og sy ein saum.
Del saumrommet og stryk .

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Når ein har fått sydd endane til ei lang remse,
 bretta ein remsa saman langs  midten,  med retta ut,  stryk med  strykejarn.


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.



Sårkantene på remsa ( ikkje bretten!) blir lagt kant i kant med lappeteppet.
Lappeteppet må  då vere reinskåre  og ha rette kanter.

Flytt arbeidet bakover, slik at det er minst 10 cm med  remse bak sy foten
( for samansying av start og ende).

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Sy ein  saum.
 Kanten på syfoten skal følgje  kanten på stoffet.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Når ein nermer seg  hjørnet på arbeidet, skal ein stoppe å sy når   det er like mykje igjen å sy til hjørnet som bredda til saumrom ( bredda på halve syfoten) .
(På bilde over ser du at eg har ei skråhjelpe linje på symaskina mi, som er til god hjelp.)

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Stopp synåla  i stoffet.
Hev syfoten, vri  forsiktigarbeidet 45 grader
og sy på skrå ut mot hjørnet.


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.



Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Hev syfoten

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Her ser ein korleis det er  sydd  skrått ut  hjørnet.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Brett bandet  bak og over skråsaumen...

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

...og fram igjen.
NB! Pass på at bretten ligg  heilt  kant i kant med sårkanten for hjørnet, 90 grader.

Legg  så sårkanten  på remsa  vidare langs neste side av arbeidet.


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Plaser hjørnet under syfoten.
Hugs å senke syfoten.
Forsett å sy .
Pass  på at  høgre side av syfoten følg kanten på arbeidet.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Fest tråden, sy att og fram,   før ein syr vidare .
Sy dei tre andre hjørna på same måte.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.


Når ein er komt rundt, stopper ein  å sy eit stykke før  start.


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

No skal ein sy ihop endane på remsa .

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Legg remsa  under starten og finn ut kor ein skal  kutte slutten.
 Merk med knappenåler el.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Nb! Rekn med sømrom- Derfor er knappenålene 2 x sømrom lenger nede for  startenden .
Løft vekk startenden.
Då ser du kor sluttenden  er markert.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Brett på skrå mellom merka.
Stryk  og klipp etter skrålinja.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Legg endane mot kvarndre.
Legg skråskjeringane kant i kant, retta mot retta.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Å sy ihop  endane  er ikkje lett!
Vri ut remsa og sett  i nokre nåler.

Aha! no kom eg på noko lurt!
Neste gang vil eg prøve lim- limstift for stoff.
Då er det kanskje lettare å sjå om ein har treft med lengd,  sømrom og evt. tilpasse ;-) :-)

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Sy endane i saman.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Ferdig å sy i hop endane !

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Del og stryk saumen og lukk kantebandet.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Legg kantebandet kant i kant med lappeteppet og sy resten av saumen med symaskin.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Fest tråden der du starta og slutta å sy.

Eg synest det er litt vanskelig å skøyte kantebandet.
Men øving gir mester!
Grunnen til at ein syr ihop remsene på skrå,er at det ikkje skal bli så tjukt  når ein må brette stoffet fleire ganger rundt kanten.

Brett kantebandet over til baksida av arbeidet og sy det fast for hand.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Sy  med nål og tråd.
Eg bruker  skjulte sting.

            __      __        __      __       __       __     __   Sting
              __________________________________  Bakside
                    __________________________________   Kanteband
                 __      __        __       __       __       __       Sting


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Ved hjørne syr eg rett fram og helit ut til kanten.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Brett tilbake, så ein får ein fin brett på skrå.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Forsett å sy.... heilt til du kjem  heilt rundt arbeidet.
Fest tråden.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Sjå der!- Ferdig lukkekant!



Sjå HER her korleis du syr  dette lappeteppet.

Kommentarer

Populære innlegg